Sjokoladetid.

Av og til må ein berre droppe dei tre siste munfullane med middagsmat slik at ein får plass til tre deilige restebitar av sjokoladekake. I dag er ein slik dag.
Eg måtte sjølvsagt ete opp den eine biten før eg tok bildet. For kaka er oh-så-deilig. 


Eg inviterte Regi på besøk i går, og me var 9 fine folk som åt heimelaga pizza og spiste sjokoladekake. Samtidig som me såg film. Nokre av oss satt på golvet, men det er fint det og, for da kan ein lene hovudet bak på ei varm pute. 

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Trøndertid

Ja no er det jammen lenge sidan at eg har besøkt denne bloggen. Det raraste er vel at eg har hatt ein del besøk her inne, utan at eg har produsert ein dritt. Eg forstår meg ikkjepå folk.

I det siste har det gått i skule, samfundet og vener. Slik det skal vere. Eg har berre to fag i år, begge på 15p. Det eine av dei, Mediesosiologi er rett spennende, men mediepsykologi er dørgande kjedeleg. Så då blir kunststykket å motivere seg til å lese sjølv om det er drepen. Det går sånn halvvegs, for det er så mykje betre å vere på samfundet og blinke lys, dra på hyttetur med Regi der me måtte gå på SKI for å komme fram, og hytta var utan straum og vatn, og gasstanken tom for gass. Men koseleg, det var det.

For eit par helger sidan var eg og eit par til frå Regi i Oslo på LLB, der me traska rundt i Spektrum på fredagen og laurdagen og såg på nye lamper og lysbord me har lyst på. Me sa Ooooooh, og Aaaaah, Og HERREGUDSÅBRAKANVIFÅSÅNN? Me var også på omvising på Opraen på laurdagen, og det var  amazing å sjå. Ein innser at Storsalen på Samfundet ikkje er så veldig stor når scenegulvet på Opraen kan senkast heile 12m ned i bakken, og det i ei fart på 1,8meter i sekundet. Og det var fantastisk.

Rett så begeistra for Opraen.

Ellers er Trondheim vått og utriveleg. Det er tomt for sjokoladekake, eg er snørrete, og i natt hadde eg ca 10 ulike mareritt. Det fine er jo at eg endeleg har fått tilbake macen min, og at Samfundet framleis er kosleg. I dag skal eg byrje og rigge opp før Kaizers kjem og skal ha konsert hos oss i tre dagar. Dette blir bra! :D

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

1. Desember

Då var me komne til fyrste desember. Den fyrste dagen i den siste månaden i året. For mange er dette einsbetydande med julekalender (kremt), klementinar, stearinlys, julegrantenning, svineribbe og pliktige oppmøte i kyrkja med skulen. For meg er det einsbetydande med eksamen, ja i dag faktisk! Og no har eg berre ein igjen. Lukke. Ellers betyr det stearinlys, klementinar, julemusikk og te med nellik. Eg har nemlig funne ut at om ein har litt nellik i Chai-te, så smakar dette ganske likt gløgg, berre utan sukker. Nomnom.
Utolmodig som eg er, starta eg tidleg på adventslysa i år. Eg ventar ikkje på Jesus uansett, så det burde gå greitt.

På laurdag har me Julemøte på Regi, noko som inneber at me skal få utdelt nye verv for året. Det er nemleg slik at alle på nykullet får eit stort verv. Ulp.
I tillegg til dette blir det sjølvsagt julegraut og julebukk (laktosefri og mandelfri graut for min sin del. Gledings!)
Det som ikkje er så kult er at dresskoden er “Kvitt” på julemøtet. Altså må me kle oss i kvitt frå topp til tå. Ei utfordring eg tar på strak arm! Einaste problemet er at eg er blåbleik, noko som er ein sær uflatterande nyanse til kvite klede.
Med dette måtte eg sjølvsagt gå i gong med eit prosjekt med sjølvbruning. Og eg som hatar lukta av sjølvbruning. Smart som eg er tok eg på meg sjølvbruning kvelden før eksamen slik at eg vakna ein gong i halvtimen fordi eg stinka. Haha. Ein klassiker. Men det gjekk bra på eksamen Mamma! Eg lovar :)

I skrivande stund kosar eg meg med deilig julemusikk og stearinlys. Og pensum til neste eksamen sjølvsagt. Det tar aldri slutt!

Er ikkje dette ein stjernestudent så veit ikkje eg. I studiepysjen og krølla som gjer meg til ei løve i dag.

NEIDA! Eg tullar sjølvsagt. Eg er mykje meir opptatt av koppen med te enn pensum. Som vanleg. Og etter blogging er det påtide med matlaging. Ehehe.

Ha ei fin adventstid da folkens!

(Og eit lite bilete av meg på UKAballet sjølvsagt. Berre fordi eg var smashing.)

Posta under Uncategorized | 6 kommentarar

Karmen.

Vinduskarmen min er nok ein av dei finaste plassane i leiligheta. Ja, sett bort frå takterassen sjølvsagt. Men det er eit takterasse, og ein kan ikkje bruke ein takterasse i november. Sjølv om me har eit heilt fantastisk haustver i år.
I vinduskarmen kan eg høyre på fantastisk haustmusikk, lese kule bloggar ein ikkje har oppdaga før, og tenkje på fine ting. Ein perfekt måte å få eit avbrekk frå semesteroppgåva med andre ord. Og om ein verkeleg vil, så kan ein nok sitje i karmen og lese medievitenskap. Så langt er ikkje eg komen enda.

Det beste tidspunktet å sitje her, er når folk er ferdige på jobb. For då kan eg sjå på alle som vandrar ute i mørket. Mannen som går tur med hunden sin, ekteparet på 70 + som leiger hender med skinnhanskar, den skalla mannen med briller og spisse sko som sikkert frys på hovudet, og dei utallige syklistane som er flinke til å bruke raudt blinkelys bakpå sykkelen. Så flink er ikkje eg.

Alt eg manglar no er ein litt smalare rumpestump slik at eg passar perfekt til karmen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kaos.

Då var det litt over ein månad sidan eg oppdaterte sist gong. Og det er ikkje fordi eg ikkje har gjort noko spennende i det siste. For det har eg. Så alt for mykje. Så mykje at eg ikkje veit kvar eg skal starte.
Som så mange av dykk veit, er eg frivillig på Samfundet. Og eg er ikkje berre frivillig, men eg er med i den (heilt fullstedig objektivt sett) finaste gruppa på Samfundet, nemleg Regi. Og når ein er med i Regi, må ein vere med på UKA.
Kva er UKA spør du? Jo det skal eg seie. Det er Noregs største kulturfestival som varar i omlag tre veker. Her kan ein sjå fantastiske konsertar, foredrag med masse interessante menneske, sjå barneteater, improteater, og nattforestilling. Og sist men ikkje minst revyen. Årets snakkis.
Eg har i år jobba på barneteateret, og eg har elska nesten kvart sekund av det. For barneteateret i år var fantastisk, og eg lo av kvar einaste forestilling. Tenk kor fint!
I tillegg har eg jobba på diverse konsertar. Me hadde Ukas artist, som var ei rapgruppe frå Alabama. Og ja, dei var slik ein gjerne vil forestille seg at rapgrupper frå Alabama er. Dei kom inn på scena i boblejakke av eit fancy merke og lue, for så å strippe ned til bar overkropp. Dette gjorde dei tre dagar på rad, og eg kosa meg like mykje. Sjølvsagt hadde dei og to damer som berre sto på scena og dansa til musikken. Slik det må vere når ein er ei rapgruppe frå Alabama.
Ellers har eg hatt ymse band som berre har vore utruleg kule. Og eg har kost meg like mykje på kvar konsert, uansett om bandet er stort, halvstort eller smått i mine auge.

Eg har hatt eit par fantastiske konsertar på Knaus, som og var blandt dei finaste.
For finnes det noko betre enn å sjå på ukjente band som berre imponerar noko heilt sjukt? For meg er det få ting som er finare enn å berre sitje å kose seg under ein konsert og den totale stillheta publikum produserar under ein jazzsolo, for så å bryte ut i ellevill jubel når den er ferdig. Slikt gjer meg hjartevarm, og eg må berre smile.
På slike konsertar tenkjer eg ofte at om tre år, når desse er kjempekjente, då skal eg seie at eg hadde lyset på dei då dei var ukjende, og eg svidde rumpa på tubaisten fordi det gir så utrulig bra lys når ein sett ein lyskastar bak.

Det er så utruleg mykje eg skulle fortalt frå UKA, men når eg ser tilbake på det no er alt berre ei stor tåke. Kva dag var det eg såg Melissa Horn? Kva band var det eg hadde då Sivert Høyem spelte i salen ved siden av?  Kor mange band hadde eg eigentleg på Knaus? Korleis gjekk eigentleg kjenningsmelodien til Barneteateret igjen? Sov eg i det heile tatt under UKA? Kor mange pils drakk eg EIGENTLEG?
Men det er så fint. Og akkurat slik det skal vere.

No er eg nesten tilbake til kvardagen. Då UKA var ferdig var kroppen så sliten at eg fekk akutt forkjølelse, søvnproblem og evig sultfølelse. Og det har eg enda. Og ikkje nok med det, men i går innsåg eg at om ein månad, så er eg ferdig med alle eksamenar dette semesteret. Berre tanken gjorde at det svimla for meg. BERRE EIN MÅNAD?! Det er jo ingenting. I skrivande stund skular eg bort på filmteoriboka mi. Me har nemleg semesteroppgåve, og eg må pløye meg gjennom boka. Oppgåva er ein filmanalyse av ein konsernfilm, noko eg trur skal gå heilt bra. Om eg berre får trykt i meg den siste mufinsen og drukke opp teen slik at eg kan starte. Snart.

Det hadde ikkje forundra meg om de ikkje høyrer meir frå meg før ut i desember. Eheheh.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Bilderas

Sidan det er eksamenstid gjer eg mitt aller ytterste for å ikkje skrive eksamensoppgåve.

Mobilgalleriet mitt ser litt ut som dette:

Det kan vere kaldt å gå heim på natta. Da er det fint å ha på seg ullklede og pakke seg inn i vinterdyna når ein kjem heim, for så å nesten rive av seg dyne og heile pakka når ein voknar om morgonen fordi det er så innmari varmt. Dette skjer ganske ofte.

Tørris er alltid ein like stor slager på samfundet. Det er fantastisk for ein glede slike enkle ting kan gjere i kvardagen.

Onsdagar og Torsdagar har me gruppetimar fram til klokka er 18.00. Så for å hindre at me berre slår over til middagsdiskusjonen 17.30, er det viktig med ein solid frukost.
At havregrauten kokar over i microen skjer ca 2 av 3 gongar eg lagar havregraut.

Nye dvdar og cdar i posten er perfekt distraksjon i kvardagen.
Eg har aldri heilt blitt fan av Sivert Høyem, men den siste plata er berre gull altså.

Medan eg klikkar heim Sivert Høyem og Melissa Horn, klikkar roomie heim Mamma Mia; The movie soundtrack. Eg sett dette i klar samanheng med det enorme inntaket av hostesaft, solhatt og rigabalsam.

Eksamenstida har gjort meg til ein racer på digg mat. Eg kan no seie at eg er ein agurkstjernemeister. Dette blir sjølvsagt litt kamuflert då bruken av majones tok overhand.
Det fine verket me ser her er altså nysteikte fullkornsbaguettar, salat, trønderfår, agurk, paprika og majo. Omnom.

Eg og sykkelen min er eit kapittel for meg sjølv. Fordi eg kjøpte den då eg var på shopping med Jorunn, fekk ho meg overtalt om at dei 200 kr eg sparte på å kjøpe den umontert, var vel sparte pengar.
Vel. Gira har vore litt trøblete frå starten, og for eit par veker sidan hoppa keia av, og den vart parkert. Heilt til no i helga då eg fann ut at eg skulle fikse den. Eg fekk på at keia, og den virka fin, heilt til eg hadde sykla 200 meter. Då byrja nemleg gira å hoppe av seg sjøl! HYL så irriterende. Laurdagen fann eg fram bruksanvisning, skrujern og umbraconøkkel. Her skulle det fiksast! Eg fekk fiksa eit par ting, og eit par ting vart verre når eg fiksa noko anna. Når eg i tillegg ikkje fekk til å stramme girvaieren, som er grunnen til at gira hoppar, ga eg opp.
Den dagen fungerte sykkelen heilt fint, fram til me skulle sykle heim på natta, og gira byrja og hoppe igjen. Oh, well. No får det berre vere til nokon kan hjelpe meg.

På laurdag hadde me bursdagvors for fine Anne-Beathe i kollektivet, og då måtte meg sjølvsagt lage overraskelsemuffins til ho då ho og kjærasten var i byen. Eg og Malene drylte på med Mamma Mia, og lagde rundt 30 muffins. Dette samtidig som at me blåste opp ballongar som Malene hang opp, i tillegg til sånn krøllete sølvband ein har i taket. Eg gjekk nemleg bananas på butikken og kjøpte både det, og miniparaplyar og svarte sugerør. For ein fest!

Eg for min del meiner at leiligheta aldri har sett finare ut, og vi har funne ut at pynten skal henge slik fram til eg har bursdag i november. Finnes det noko finare enn å vakne opp til ei festpynta leilight kvar morgon? Slikt gjer meg superglad og lykkeleg <3

Akkurat no sitt eg på kjøkkenbordet og skal skrive oppgåve. Hovudet er tomt for idear, og eg mistar stadig tru på meg sjølv. Då er det fint å kunne lage ein alkoholfri drink med solo, istbitar, sugerør og paraply. Til dette har eg peppermyntete trekt med to posar, og ein muffins frå lørdag. Under har eg sjølvsagt brukt fagboka som bordbrikke. Der den høyrer heime.

Ha ei fin veke da tullingar!
I Chateau Trois blir det berre eksamenskriving og progging av lys for min sin del, medan Malene tyllar i seg Rigabalsam og Solhatt, og Anne-Beathe har besøk av kjærasten.
Så her er det berre velstand med andre ord.

Posta under Uncategorized | 3 kommentarar

Duracellkanin

Stå opp – drikke te – lese mail – ete frukost – lese nyheter – skrive eksamensoppgåve – drikke te – skrive meir oppgåve – dra på samfundet og rigge til UKA – drikke kaffe – progge lys – filtre lys – drikke kaffe -  stille inn lys – filtre lys på nytt – drikke kaffe – ete kanelsnurrar – sjå borneteater og le – drikke kaffe – smile til alle bra folka på UKA – dra heim – koma.

It is a busy life, but i love it. og når eg kjem heim på kvelden etter å ha vore i hundre heile dagen ser eg slik ut :
Hehehehehehe. Stjernebildet.
Men det at eg fell i koma er forresten løgn. Når det er påtide og sove er eg så full i koffein at kroppen innvendig er ei duracellkanin, men ingen av musklane mine vil bevege seg, så eg ligg berre og stirrar i taket i hundre år.

Posta under trondheim | Kommenter innlegget